Våre hunder


Hitos Fun Maya

Hitos Fun Maya, født 03.10.2006 , er første hund me har beholdt fra eige oppdrett. Mor Wini er ferdig med å få unger, så difor valgte me å beholde ei tispe etter ho. Det har me ikkje angra på! Maya er ei herlig lita tispe med stor personlighet. Ho er vaksen opp med regn og sludd og elsker å vera ute uansett vertype. Så gale var det då ho var lita at ho fekk blærebetennelse av all fuktigheten.


NUCH Millicent's Lawinia Rose

NUCH Millicent's Lawinia Rose (rose med særegen duft), er ei gladjente frå Langevåg. Ho er født den 14.01.2001, og er like lykkelig uansett kva som skjer. Sitt flotte rosenavn har ho fått pga sine amerikanske aner, Rosecroft kennel. At rosa ho heiter etter har "særegen duft", passer godt til Wini. Fra ho kom i hus, har me hatt ein eim av skittlukt rundt oss. Stadig lufting og masse frisk luft i hus har holdt oss friske. Så kva gjer vel litt fiselukt oppi alt det som er positivt?!


Reigab's Yndig Yrsa

Reigab's Yndig Yrsa er født den 01.05.1997, og er sjefen på garden. Ho er ei yndig lita tispe som veit kva ho vil og kan også gi uttrykk for det. Etter eit lite "uhell" med avbiten øyretupp (Mike Tyson?), blei det brått slutt på utstillingsturar – men Yrsa er voldsomt glad for det! Utstilling var pyton, men heime på garden med musejakt, kattajakt, og harejakt – der trives ho godt. Ein cairn i sitt rette element!


Syndicate content