NavigeringBilderSøk |
Hitos Fun MayaHitos Fun Maya, født 03.10.2006 , er første hund me har beholdt fra eige oppdrett. Mor Wini er ferdig med å få unger, så difor valgte me å beholde ei tispe etter ho. Det har me ikkje angra på! Maya er ei herlig lita tispe med stor personlighet. Ho er vaksen opp med regn og sludd og elsker å vera ute uansett vertype. Så gale var det då ho var lita at ho fekk blærebetennelse av all fuktigheten. Maya elsker å få vera med der det skjer og har også fått oppleve sin første motorsykkel tur. Me var veldig spent på korleis det ville gå, men det var akkurat som ho har eit "medfødt" gen for sykkelkjøring. Berre positive opplevingar å ha ho med. Du kan laste ned stamtavlen til Maya nedenfor.
|